/ Anmeldelse: L’Oréal Professionnel Metal DX Shampoo Produkt
katarinavattekar
Beauty Star
06/11/25-08:16

Anmeldelse: L’Oréal Professionnel Metal DX Shampoo

Produkt mottatt frå Kicks for testing – dette er mi ærlige vurdering etter å ha brukt den i to veker.

Hårtype: Fint hår som er bleika, med litt slitasje i tuppene. Eg har også mista ein del hår på grunn av jernmangel, så eg er forsiktig med kva eg brukar i håret.

Allerede ved første vask blei eg positivt overraska – lukta er heilt fantastisk! Den minner om fersk appelsin eller klementin, så den ligg definitivt i sitrusfamilien. Frisk og rein, men ikkje for sterk.

Konsistensen er melkete, ikkje klar, noko som gjer at den ikkje strippar håret for naturlege oljer. Etter vask føltes håret reint og friskt, spesielt i hodebunnen, men utan at det blei tørt.

Eg vil beskrive den slik: dersom Redken Acidic Bonding Concentrate Shampoo og Ouai Detox Shampoo fekk eit «shampoo-barn», ville resultatet blitt Metal DX Shampoo. Du får både den grundige rensa frå ein detox-sjampo og den pleiande, styrkande effekten frå bond-building-teknologien.

Etter to veker med bruk er eg heilt overbevist – denne sjampoen er ein must i dusjhylla! 💛 Eg var eigentleg litt skeptisk i starten, sidan håret mitt kan vere lunefullt, men denne fungerer verkeleg. Det trengs berre ei lita mengde for å få mykje skum, og håret kjennest lett, friskt og superreint etterpå.

Eg vart så imponert at eg delte litt med ei kollega – og ho elska den også! No vurderer eg å kjøpe både masken og håroljen i same serie for å få heile effekten.

L'Oréal Professionnel Metal DX Shampoo 500 ml, Refill
L'Oréal Professionnel Metal DX Shampoo 500 ml, Refill
Fortsett å utforske fellesskapet!